Tilvenningsøvingar

Kortprosa  •  Dikt  •  Vaksne

Tilvenningsøvingar : dikt og prosa

Først utgitt:2024

Lån boka

Tilgjengeleg på nynorsk:

Om boka

Ei dødskiste begynner å bli full. Lofts- og kjellarbuer blir tømde. Ein må lære barna sine dei siste tinga: å luke, å stenge hus ned for vinteren. Ein må gi dei historier frå livet sitt. Gjerne smørje litt tjukt på. Venner og kjenningar går bort, ein etter ein. Namna i telefonlistene ein ikkje lenger kan ringe. Å venne seg til døden er ein jobb i seg sjølv. Det er ein sorteringsjobb. Og ein minnejobb. Å venne seg til døden er å skilje mellom det som er viktig og uviktig. Heilt til denne skilnaden ikkje lenger finst. Den nye boka til Rønnaug Kleiva er ei samling dikt og prosatekstar om førebuing, minnearbeid og livsperspektiv.

Utgåver