USA i endring: Kva skjedde med den amerikanske draumen?
Foredrag med Hans Olav Thyvold - SeniorUni
Gratis - inga påmelding
USA gjennom fem tiår – Eit samfunn i oppløysning? korleis havna USA der det er i dag – politisk splitta, sosialt uroleg og kulturelt fragmentert? I dette foredraget spør Hans Olav Thyvold om det vi nå ser, faktisk er resultatet av ein kulturell utvikling som har vore i forfall sidan nasjonen si 200-årsjubileum i 1976. Gjennom amerikanske uttrykk innan film, litteratur, musikk, kunst og til og med teikneseriar – frå dei siste 50 åra – teiknar han eit tankevekkande bilete av eit samfunn i langsom endring. Er det verkeleg ei djup kulturell råte, eller berre ein ny fase i USA si historie?
Foredragshaldar: Hans Olav Thyvold gjekk inn i pressa som 15-åring i 1974, og har sidan vore ein markant stemme i norsk kulturliv. Han er journalist, forfattar og oversettar, og kjent for romanen "Snille hunder kommer ikke til Sydpolen", som er oversett til sju språk og utgitt i meir enn 30 land.