Sex, samliv og helse for seniorar
Samtale, debatt og foredrag
Vaksne
Foredrag ved Siri Dalsmo Berge
Gratis - inga påmelding
Kva skjer med kjærleiken når kroppen endrar seg? I dette foredraget lærer du korleis helse og parforhold påverkar kvarandre – ogkorleis sjukdom, aldring og livskriser kan utfordra både nærleik og kommunikasjon. Siri Dalsmo Berge gir deg praktiske råd og innsikt i korleis du kan bevare eit sunt og trygt samliv, også i seniortida – emosjonelt, seksuelt og intellektuelt.
Foredragshaldar: Siri Dalsmo Berge er fastlege, forskar og parterapeut. Ho har doktorgrad på samliv i helsetenesta og har skrive to bestselgande bøker om parforhold og sex.