Kyrkja og paven si makt - ein nøkkel til Italia si historie

Samtale, debatt og foredrag
Vaksne

Kva rolle har den katolske kyrkja og pavemakta hatt for Italia si historie gjennom tida?

Arnt Stefansen
Arnt Stefansen
Arnt Stefansen

Gratis - inga påmelding

Dato

måndag, 19. mai

Tid

11:00 - 12:00

Arrangør

Foredrag frå SeniorUni - Arnt Stefansen
Legg til i kalender

Frå middelalderen sine maktkampar til dagens Vatikanstat har kyrkja vore ein av dei mest innflytelsesrike kreftene i italiensk historie. Som både åndeleg leiar og politisk aktør har paven, og kyrkja sett sitt preg på landet sin kultur, samfunn og politikk. Vatikanet står fortsatt som eit kraftfullt symbol på Italia si religiøse og historiske arv.

Arnt Stefansen, tidligare NRK-korrespondent og forfattar av ei rekke bøker om samfunn og politikk, tar deg med på ei fascinerande reise gjennom kyrkja si rolle i Italia si historie. Med sin djupe kunnskap og erfaring som utenriksreporter gir Stefansen eit engasjerande innblikk i ein av verdas mest betydningsfulle institusjonar.

Kyrkja og paven si makt - ein nøkkel til Italia si historie | 19. mai 11:00 | Ryfylkebiblioteket Hjelmeland