Kråkefuglane - forteljarforestilling med Marianne Stenerud
Kva veit du om kråka? Bli med inn i forteljinga om desse mystiske og morsomme fuglane.
Arrangementet krev billett
I kvardagen er kråker rundt oss mennesker nesten overalt kor vi er. Hoppande rundt i byen, på hustaket til naboen, eller krafsande etter mat i vår eigen hage. Dei er ein så vanleg del av kvardagenvår at vi helst ikkje legg merke til dei, eller tenker over dei.
Men dei er fantastiske! Like fantastiske som mytene og fortellingane om dei. Det er ingen fugleart i verda det finnst fleire eventyr, myter og fortellingar om enn kråkefuglane. Dei er dei klokaste av fuglar, og kan finne på dei morosamste ting, om du berre tek deg tid til å observera dei skikkeleg. Observasjonar som gjennom tida har vore med å skapa dei mangfaldige fortellingane om dei, og som kan vere med å skape nye.
Marianne Stenerud er fortellarkunstnar på heiltid. og har stått for mange fortellingar og prosjekt gjennom dei siste 20 åra. Barn og unge er hennar hovudsatsning. Utgangspunktet for fortellingane er ofte folkeeventyr, sagn og mytar som ho vrir og vrenger på og dermed finn nye måtar og veier inn i.
Forestillingar passar frå 4 år.
Gratis inngang.