Til arrangement

Samtale, debatt og foredrag

FORFATTARFOREDRAG MED LIV BJØRNHAUG JOHNSEN.

Liv Bjørnhaug Johansen

Foto av Liv Bjørnhaug Johansen
Foto: Marte Haastad
Foto av Liv Bjørnhaug Johansen
Foto: Marte Haastad
Foto av Liv Bjørnhaug Johansen
Foto: Marte Haastad

Gratis - inga påmelding

Dato

tor 29. februar

Tid

12:00 - 13:30

Stad

Hjelmeland - Ryfylkebiblioteket Hjelmeland

Me er veldig glade for å kunne invitere Liv Bjørnehaug Johnsen til Hjelmeland bibliotek. I haust gav ho ut boka "Diagnose: Kvinne". Boka har fått strålande mottaking. "Boka er både viktig og velskiven", seier tilbakemeldingane.

Liv B. Johnsen er sjukepleiar og opptatt av kvinnehelse. Ho meiner kvinnehelse har havna i ei blindsone innan medisinen.

Er det verkeleg slik at legane ikkje har nok kunnskap om kvinnekropp og kvinnehelse? Kvifor opplever så mange kvinner opplever å ikkje få hjelp, eller ikkje å verta høyrt når dei oppsøker helsevesenet for å få hjelp mot smerter og plager?

Dette er spørsmål som Johnsen drøfter i boka "Diagnose: kvinne". Det vert høve til å kjøpe boka i etterkant av foredraget.

Gratis inngang. Velkommen.

Relatert litteratur

Kontakt

Hjelmeland kommune
Ansvarleg redaktør: Anita Bergøy
Besøk oss på facebook
Bygd med Libry Content