Dei moderate folkepartia sitt fall i Europa
Foredrag ved Tarjei Skirbekk - SeniorUni
Gratis - inga påmelding
Kva skjer når dei moderate stemmene forsvinn? I dette foredraget utforskar Skirbekk det politiske oppbruddet som pregar Europa i dag. Han ser på kvifor dei tradisjonelle folkepartia, både på venstre og høgre side, har mista grepet om makta, og kva politiske krefter som veks i deira stad. Kva betyr dette for Europa si framtid, og korleis påverkar det den politiske stabiliteten på kontinentet?
Foredragshaldar: Skirbekk er idéhistorikar med brei erfaring frå norsk og europeisk politikk. Han har blant anna vore politisk rådgjevar for utenriksminister Jonas Gahr Støre og strategisk rådgjevar for Arbeiderpartiet si leiing. Skirbekk var med på å etablere tankesmia Agenda og har gitt råd til både det svenske sosialdemokratiske partiet og til leiinga i Equinor.