Til arrangement

Bokprat med Gunn Marit Nisja

Litteratur og forteljing
Vaksne

Bli kjent med fortattar Gunn Marit Nisja og forfattarskapet hennar.

Bilde av Gunn Marit Nisja og den nye boka hennar "Gullungen".
Foto: Gunn Marit Nisja
Bilde av Gunn Marit Nisja og den nye boka hennar "Gullungen".
Foto: Gunn Marit Nisja
Bilde av Gunn Marit Nisja og den nye boka hennar "Gullungen".
Foto: Gunn Marit Nisja

Gratis - inga påmelding

Dato

tor 14. mars

Tid

17:00 - 18:30

Stad

Hjelmeland

Forfattar Gunn Marit Nisja kjem til biblioteket på Hjelmeland.

I haust var ho ute med bok nummer seks; "Gullungen". Nisja fekk gjennombrotet som forfattar med boka "Naken i hijab" i 2011. Boka vart seld i over 20 000 eksemplar, og vart nominert til Bokhandlarprisen. Dei øvrige romanane hennar har og blitt godt mottekne av lesarane. Nisja vil snakka om bøkene og forfattarskapet sitt.

Den siste boka hennar, "Gullungen", hentar handling frå ein liten tettstad, Grodal. Her veks barna opp med stor fridom og lite innblanding frå dei vaksne. Det vert vanskeleg å vera barn når ein ikkje passar inn, eller når ingen er der for å beskytte ein mot andre barn.

Nisja er sjølv frå ein liten stad på Sunnmøre og har henta inspirasjon frå eigen oppvekst. Me gler oss til å bli betre kjent med Gunn Marit Nisja og bøkene hennar.

Gratis inngang!

Kontakt

Hjelmeland kommune
Ansvarleg redaktør: Anita Bergøy
Besøk oss på facebook
Bygd med Libry Content