Gutten på stranda - 10 år etter biletet som rysta Europa

Samtale, debatt og foredrag
Vaksne

I 2015 endra eitt bilete Europa sitt syn på flyktningkrisa. Ti år seinare spør me: Kva tenker me nå?

Guro Kulset Merakerås
Foto: Camilla Moe
Guro Kulset Merakerås
Foto: Camilla Moe
Guro Kulset Merakerås
Foto: Camilla Moe

Gratis - inga påmelding

Dato

måndag, 2. februar

Tid

11:00 - 12:00

Stad

Legg til i kalender

I 2015 ble verda vitne til eit bilete som endret Europa sitt syn på
flyktningkrisa: ein liten gut, Alan Kurdi, blei funne livlaus på ei strand i Tyrkia. Kva skjedde etterpå? Kvifor blei akkurat dette biletet så sterkt – og kva hugsar me i dag?
Hausten 2015 fekk flyktningkrisa i Middelhavet eit menneskeleg andlet då bileta av vesle Alan Kurdi gjekk verda over. Med utgangspunkt i ein bildeserie som ingen kan gløyme, tek Merakerås oss med til den greske øya Lesvos, der ein pågåande menneskerettskrise ser ut til å vere nettopp - gløymt.

Merakerås deler eigne dramatiske erfaringar frå arbeidet med den prislønte boka; "Moria. På innsiden av Europas største flyktningleir", og avslører kva som skremde ho mest, som journalist og menneske.

Guro Kulset Merakerås (f. 1976) er ein kritikerrost forfattar og
journalist frå Trondheim. Ho er språk- og litteraturutdanna fra NTNU.
Kulset Merakerås har vore sjølvstendig næringsdrivande journalist sidan 2007, og blei i 2024 heidra av Norsk Journalistlag for sitt arbeid med å avdekka forholda på Europa sine yttergrenser.