Cæsar oppfann germanerne - Foredrag av Arnt Stefansen
Eit tankevekkande foredrag om makt, myter og propaganda – og om korleis fiendebilder blir skapt.
Gratis - inga påmelding
Korleis skapar ein ein fiende – og kvifor? I dette foredraget viser journalist og forfattar Arnt Stefansen korleis Julius Cæsar brukte myter og propaganda til å forme bilete av «germanarane» i antikkens Roma.
Ved å kontrollera fortellinga om kven fienden var, skapte Cæsar ikkje berre legitimitet for eigne krigar – han skapte også eit bilete som skulle få langvarige konsekvensar for Europa si historie. Dette er historia om eit politisk maktspel der propaganda, frykt og forenkla fiendebilete blei brukte som strategiske våpen.
Foredraget gir innsikt i:
korleis propaganda fungerte i antikkens Roma.
korleis myter og fortellingar blei brukt til å rettferdiggjere makt og erobringar.
korleis forestillinga om «germanarane» blei skapt.
og kvifor desse mekanismene fortsatt er aktuelle i dag.