Til leseforslag
Omslag: "Yt etter evne, få etter behov : roman" av Olaug Nilssen

Vaksne

Yt etter evne, få etter behov

Nilssen, Olaug2020

RomanarFamilie Psykisk utviklingshemma
Bestill

Anbefaling

Sterk bok om det å ha ansvar for eit barn som krev alt.

23. november kjem Olaug Nilsen til biblioteket på Hjelmeland. Då kan det vera kjekt å ha lese noko av henne på førehand.

Nilsen skildrar i fleire av bøkene sine det å ha ansvar for barn med spesielle behov, eller funksjonsnedsettingar. Ho set mellom anna søkelys på korleis samfunn og pårørande handterar ein krevande familiesituasjon med barn som treng konstant oppfølging.

Eg likte denne boka godt, den hadde ein stil som var både morsom og tragisk. Boka er utgitt på nynorsk, og er lett å lese.

Om boka

Lea ligg i senga og speler iPad-spill og lurar på om ho har ME. Systera Rakel har åleineomsorg for psykisk utviklingshemma Benjamin som Lea ikkje maktar å ta seg av lenger. Mora deira Gudrun må vere der for dottera Linda og hennar familie. Dette er ei forteljing om ein vanleg familie som har blitt uvanleg, og om kven som eigentleg sit med ansvaret ingen klarer. Omtalen er utarbeidd av BS.

Kontakt

Hjelmeland kommune
Ansvarleg redaktør: Anita Bergøy
Besøk oss på facebook
Bygd med Libry Content