Til leseforslag
Omslag: "Hjartespreng" av Inger Johanne Sæterbakk
Foto: Johanne Hjorthol

Ungdom

Hjartespreng

Sæterbakk, Inger Johanne2023

RomanarForelsking Tenåringsjenter
Bestill

Anbefaling

Korleis skal ein eigentleg oppføra seg når ein er 16 år?

Bokahandlar om Inga og Nils som har vert bestevenner sidan dei var små. Nå har Inga blitt 16 år og Nils eit år eldre. Inga fått sterkare følelsar for Nils, og må erkjenne at ho er forelska.

Medan besteveninna til Inga, Jenny, har begynt å feste med dei populære jentene på trinnet, og driv med ting som "alle" dei andre held på med, vil Inga berre vere med Nils.

Inga føler at ho er dårleg på å være 16 år, og gjerne vil bli betre på det.

Me anbefalar denne boka fordi temaet er noko ungdommar kan kjenne seg igjen i, og at den tek opp problemstillingar som undom kan blir stilt ovarfor. Det er ei spanande bok, og vil falle i smak for dei som likar kjærleik og romantiske bøker.

Om boka

Om nokon hadde arrangert ein konkurranse i å vere 16 år, ville Inga komme på sisteplass. For sjølv om ho er flink i alle skolefaga, har fleire gode venner og er godt likt, får ho ikkje til det dei andre jentene i klassen får til. Nemleg å gå på festar, drikke seg full og vere med gutar. Ein måndag kjem bestevenninna hennar på skolen og fortel at ho har gjort det med ein gut. Da skjønner Inga at ho også må øve seg på å vere 16 år. Det er ikkje så lett når ho ikkje har talent, når ho ikkje anar kven ho kan stole på, og når ho eigentleg ikkje tør. Den einaste guten Inga vil vere med, er Nils. Ho vil sitte med han på skolebussen, bade med han i tjernet og sove ved sida av han på telttur. Men ho kan vel ikkje gjere det med han? Ho har jo kjent han heile livet. Roman for ungdomstrinnet.

Kontakt

Hjelmeland kommune
Ansvarleg redaktør: Anita Bergøy
Besøk oss på facebook
Bygd med Libry Content