Før det blir morgon : roman
Bok
Ungdom

Før det blir morgon

Aina Basso
Tenåringsjenter
Reserver

Ei engasjerande bok med eit historisk bakteppe.

Ei sterk historisk roman for ungdom. Her set Basso søkelys på kvinners rettar og kva skjebne som venta ei ung kvinne som opplever graviditet etter overgrep.

Boka tek òg opp tema som venskap, kjærleik og gardsliv på 1500- talet.

Om boka

Historisk roman om skam, urett og overtru. Josefa er femten år gammal då faren ror henne over fjorden for å gå i teneste på storgarden Li. Trass i saknet etter familien trivst Josefa blant tenestefolka på garden, og særleg Sara blir ein nær ven. Men alt er ikkje like fint som det verkar, på Li, og snart får Josefa erfare kva det er som ligg og ulmar under overflata. Før det blir morgon handlar om å vere ei ung jente i Noreg på 1700-talet. Aina Basso skildrar historia på ein sanseleg og truverdig måte. Det er noko tidlaust over måten ho skriv om kjenslene, tankane og draumane til Josefa på. Samstundes viser ho fram ein røyndom der dei fleste menneske var prisgitt overmakta. Roman for ungdomstrinnet.

Før det blir morgon : roman | Ryfylkebiblioteket Hjelmeland