Familiedrama og arveoppgjer er nokon av ingrediensene i haustens nye bok frå Ravatn.
Ravatn haustar gode skussmål frå litteraturkritikarar for den nye boka si "Doggerland". Handlinga spinn rundt eit generasjonsskifte i eit ærverdig forlag. Mor og forlagsdirektør Myrna skal tre tilbake og dermed gi frå seg styringa til ein av tvillingane Hedda eller Filip. Kven det blir skal bli avgjort på ei overraskande strategisamling på ei øy i havgapet og under leiing av den konfliktsky psykologen Jesper.
Fleire familieløyndommar kjem til overflata under familiesamlinga desse dagane, og kulminerear i ei dramatisk badstuscene.
Anita Bergøy
Hjelmeland
Om boka
Intenst kammerspel om ein familie og eit forlag på randa av kollaps.I den mektige Høst-familien har forlagsverksemd vore livsgrunnlaget i generasjonar. No er det tid for eit skifte: Matriark og forleggar Myrna Høst nærmar seg pensjonsalder, og dei to barna hennar – den litterært gåverike Filip og den økonomiskorienterte Henny – posisjonerer seg begge for å ta over. Men når Myrna kallar inn familien til strategisamling på ei isolert øy i havgapet, er det ikkje berre framtida til forlaget som skal avgjerast. I utkanten av maktkampen står Edda. Ho er redaktør og gift med Filip - og meir innvoven i familie-løyndomane enn nokon anar. Når det dukkar opp eit manuskript som trugar med å avsløre alt, er det duka for eit klaustrofobisk oppgjer mellom generasjonar, mellom litterære ideal og kommersiell overleving, og mellom løgn og sanning. Korleis kan Edda bevare løyndomen sin når både forlaget og hennar eiga framtid står på spel? I denne skarpe og intense romanen utforskar Ravatn korleis makt, arv og løgner spelar seg ut i ei tid der sjølve eksistensen av litteraturen er truga. Doggerland er eit intenst kammerspel om ein familie og eit forlag på randa av kollaps.