Til leseforslag
Omslag: "Bomullsengelen : : roman" av Susanna Alakoski

Vaksne

Bomullsengelen

Alakoski, Susanna2023

Historisk litteratur RomanerArbeiderklassen Kvinner Vennskap Finland
Bestill

Anbefaling

Storslagent om bomullsindustrien i Finland. Om kvinnekamp, arbeidarkamp og håp om ei betre framtid.

Bomullsengelen er første bok i ein serie på fire bøker. Historia startar i starten på 1900- talet på den finske landsbygda. Me følgjer Hilda som veks opp på storgarden Sorola. Hilda vert gravid som tenåring og blir dermed sendt på dør. Me får høyre om Hilda si skjebne som ung kvinne, om korleis omgivnadane ser på henne som åleinemor. Her får me innføring i industri- og arbeidar historia når Hilda etter kvart dreg til Vasa by for å arbeide på bomullsindustrien. Industrien gir arbeid, men det er harde kår.

Me høyrer om eit Finland som veks fram i velstand og teknologi. Om kvinnerolla som endrar seg sakte, om håp om ei betre framtid for kommande generasjonar.

Om boka

Hilda blir fødd i 1905 og veks opp på garden Sorola i Österbotten, i ei tid der Finland er prega av uår og krig. Mor fekk stiresjuka etter fødselen og er bortanfor alt. Far er i Amerika. Men Hilda er ikkje einsam, ho har katten Kisuli og eldgamle, gudfryktige Sanna-täti, som tar hand om alt. Då Hilda blir større, hamnar ho i ulykka og må reise frå tryggleiken heime for å gå i teneste på ein annan gard. Det er tungt arbeid frå morgon til kveld, fritid kan ho sjå langt etter, og ho kjenner arbeidet på kroppen sjølv om ho enno ikkje er fylt tjue. På garden er også Helli, som blir hennar beste ven. Helli forstår ikkje kvifor nokon må slite så hardt for andre, og tar med seg Hilda til Vasa, til den store byen med den oransjefarga bomullsfabrikken og ein lovnad om eit anna liv. «Bomullsengelen» er første bok i ein kraftfull kvartett om kvinners liv, arbeid og lengt i Finland og Sverige på nittenhundretalet. Ei forteljing om krig og fred, kjærleik og venskap, der kvardagsliv og verdspolitikk er trådar i same veven.

Kontakt

Hjelmeland kommune
Ansvarleg redaktør: Anita Bergøy
Besøk oss på facebook
Bygd med Libry Content